Når du skriv ein ny artikkel i Store norske leksikon, står du (nesten, sjå nedanfor) fritt til å velje mellom bokmål og nynorsk. Dersom du kan både nynorsk og bokmål, vil vi helst at du skriv nynorsk.
Du må følgje gjeldande rettskriving. Dersom eit ord har fleire godkjende skrivemåtar, bør du velje dei vanlegaste formene. Unngå dei mest radikale, konservative og uvanlege formene. Uvanlege former kan gjere at lesaren blir meir oppteken av språket enn innhaldet.
Følg same språknorm (til dømes radikalt vs moderat bokmål, eller «vanleg» nynorsk vs konservativt nynorsk) gjennom heile artikkelen. Vi rår sterkt ifrå å blande konservative og radikale former, både på nynorsk og bokmål.