Nokre av bileta i Store norske leksikon på nett kjem frå dei siste papirutgåvene av Store norske leksikon (gjeve ut mellom 2005 og 2007), Store medisinske leksikon (gjeve ut mellom 2006 og 2007) og Norsk biografisk leksikon (gjeve ut mellom 1999 og 2005).

I 2017 publiserte SNL fleire tusen bilete som kom frå papirleksikona. Dette er eit unikt og gjennomarbeidd biletmateriale med stor historisk verdi. Prosjektet for å publisere desse unike historiske bileta var støtta av stiftinga Fritt Ord. Tusen takk!

Desse bileta kjem i hovudsak frå to kjelder: NTB Scanpix og Kunnskapsforlagets arkiv. I tillegg er det bilete frå fleire andre byrå og fotografar.

Opphavsrettshavarar

Store norske leksikon har forsøkt å kontakte opphavsrettshavarar for å klarere rettar før publisering på nett i 2017.

Det er inngått ein stor avtale med NTB Scanpix der vi har betalt for publisering for desse bileta og figurane. Scanpix har utbetalt honorar til dei tilknytte fotografane sine i samsvar med gjeldande regelverk.

Nokre av bileta frå Kunnskapsforlagets arkiv har uklart opphav eller uklare avtalar om digital publisering. Vi har prøvd å unngå å publisere desse bileta på nettsidene.

Dersom du ynskjer å klage over publisering av bilete på snl.no som kom frå papirleksikona er det fint om du finn fram den opphavlege avtalen med Kunnskapsforlaget før du kontaktar redaksjonen.

Gjenbruk av desse bileta

Bilete frå papirleksikonet kan vanlegvis ikkje gjenbrukast av andre. Du kan med andre ord ikkje kopiere bilete frå SNL og bruke dei på andre nettsider, i bøker eller liknande utan løyve frå opphavsrettshavaren. Dersom opphavsrettshavar er gjeve opp under biletet må du kontakte dei for å få løyve til gjenbruk, SNL kan ikkje gje løyve på vegner av andre opphavsrettshavarar.

Kontakt redaksjonen i SNL om bilete merka med KF, KF-arkiv, Kunnskapsforlaget, SNL-arkiv, SNL eller Store norske leksikon.