Gode eksempel på språkartiklar, som fylgjer malen, men har tilpassingar for særlege forhald:

Artikkelstart

Artikkelen skal starte med «er eit språk som høyrer til den SPRÅKGRUPPE greina av den SPRÅKFAMILIE. Gje så kort oversyn over kven som brukar språket, og andre bruksområde.

Neste avsnitt: Hvor er språket førstespråk og andrespråk. Er det spesielle trekk ved brukarane, er dei knytt til ei gruppe?

Neste avsnitt: Offisiell status.

Siste avsnitt: Hva heter språket på eget språk? Gje gjerne fleire døme slik at ein får ei kjensle av korleis språket ser ut. Malayisk-artikkelen har gode døme.

Språkfamilie

Under denne mellomtittelen gjer du greie for kva språkgrupper og familiar språket høyrer til.

Språkhistorie

Under denne mellomtittelen gjer du greie for den historiske utviklinga. Når vaks spraket var? Var det knytt til ein bestemt kultur? Korleis har levekåra for språket vore? Kva andre språk har påverka? Kva alfabet blir språket skrive med? Var det eit anna alfabet tidlegare?

Språksystem

Her skal du gjere greie for typiske trekk ved språket. Tabellar som viser bøyingsmønster fungerer ofte godt. Ta gjerne med nokre litt avvikande ting frå norsk, eller artige ting.

Du kan gå grundig til verks og ha underoverskrifter som for eksempel Grammatikk og syntaks og Fonologi.

Alfabet

Dersom språket brukar eit ikkje-latinsk alfabet, eller har ei spesiell utviding av det latinske alfabetet kan det forklarast her.

Lånord

Her kan du liste opp lånord frå språket i norsk, eventuelt også i andre språk.