SNL skal ha artiklar om alle norske aviser som kjem ut og som kvart år sender tal til Mediebedriftenes landsforening. SNL skal og ha artiklar om tidlegare aviser som har kome ut i meir enn ti år. Aviser kan og kome med om dei har spelt ei særskild rolle, til eksempel at dei kom ut under den tyske okkupasjonen.

SNL har etter avtale importert mykje innhald frå Norsk presses historie og Allkunne. Utvalet til NPH var norske aviser som hadde kome ut i meir enn 25 år. Allkunne hadde fokus på nynorske aviser i tillegg til dei med stor utbreiing eller ei særmerkt historie.

Lengde

Lengda må variere med alder og storleik.

  • Store og viktige aviser i norsk historie 8 000 teikn (Aftenposten, VG, DN, Dagbladet, BT)
  • Regionsaviser og medium nasjonale aviser inntil 6000 teikn Nordlys, Morgenbladet
  • Lokalaviser inntil 3000 teikn Firda Folkeblad, men somme lokalaviser bør ha lengde som regionaviser.

Tittel

Namnet på avisa i dag. Til eksempel: Firda eller Nordlys

Innleiing: ingress og andre avsnitt

Ingressen skal gje dei viktigaste opplysningane og noko standardinformasjon. Kva er det alle som er interessert i avisa treng å vite?

Ingressen skal alltid starte med oppslagsordet og ei fullstendig line som fortel om det er eller var ei lokalavis eller regionavis og kor i landet avisa kjem ut.

  • Namnet på avisa
  • er/var
  • Nemne om det er ei lokalavis eller regionavis og område.
  • Seie kor avisa kjem ut, har hovudkontor.
  • Årstallet avisa kom ut fyrste gong.
  • Eigarskap/konsern.
  • Dekningsområde
  • Profil eller X-faktor, til eksempel den største avisa i Nord-Norge målt i lesartal, den største avisa i Noreg, den fyrste avisa i Noreg, den fyrste avisa med nettugåve, den største næringslivsavisa, NS sitt hovudorgan under den andre verdskrigen.
  • Ikkje ansvarleg redaktør. For dei største avisene har me tabell eller liste over alle redaktørane.

Til eksempel: "Drammens Tidende er en lokalavis som utkommer i Drammen. Avisen ble grunnlagt som Tiden i 1832 og eies av Amedia. Drammens Tidene dekker Drammen, Lier, Øvre Eiker, Asker, Holmestrand, Modum, Sigdal og Krødsherad. Avisen er Amedias eldste avis"

For fleire avishus treng ein eit nytt avsnitt om fleirmedial produksjon. Aftenposten utgjer og det populærvitskaplege tidsskriftet Innsikt og avisa Aftenposten Junior for lesarar mellom X og X år. Redaksjonen produserer fleire populære podkastar, som Aftenpodden, Forklart.

Historie

Historia skal gje info om dei viktigaste periodene og skiftene til avisa. Oppstart, store endringar i redaksjonell praksis, profil, format og teknologiskifter, skifte i eigarskap.

Historia bør helst stå kronologisk, men noko kan stå tematisk om det er lettare på den måten.

Historia bør ha mellomtitler når det er fleire enn tre avsnitt. Historie i overskrift 1 mellomtitlar i overskrift 2. Mellomtittel kan til eksempel vere ein periode, ein person eller eit skifte. Mellomtitler gjer det og enklare å strukturere stoffet.

Oppstarten, tilknytning til parti, krigsåra, oppkjøp, endringar i folketal som følgje av ny industri, ny konkurranse, nytt format, sentrale redaktørar som enten sit lenge eller som i kraft av stillinga tar ei viktig rolle i ei sak, til eksempel Hegna “Ingen nordmann til salgs” eller Selbekk i Karikaturstriden.

  • Oppstart og stil i den fyrste tida. Oppstarten er for gamle aviser gjerne knytt til utvikling av ein tettstad og at ein boktrykkjar kjem til bygda/byen. For dei eldste avisene er det kanskje interessant å seie noko om balansen mellom kommentar, journalistikk og annonser. Nokre har historier om ein særskild personlegdom som er viktige i avisas eigen historie.
  • Partipresse. Om avisa høyre til Høgre, Venstre, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og så bortetter er interessant. Skifte frå eit parti til eit anna er viktig.
  • Krigsåra – Krigsåra er ei viktig periode i historia til alle aviser. Var dei sensurerte, var dei NS-aviser, gjekk dei inn. Dette har og store konsekvensar for kva for aviser som klarar seg etter krigen.
  • Partipressas fall
  • Digitalisering av produksjon på 1980-talet.
  • Konkurranse og fusjon
  • Tabloid
  • Digitalt skifte. Nokre er tidleg ute, andre seint. Når dei tek betaling abonnement kan vere interessant.
  • Fleirmedial produksjon

Redaktørar

Prioriter berre for dei største avisene. Ta med alle sjefsredaktørane.

Tidsline

Berre for dei største regionavisene.

Opplag

Bruk opplagstala frå NPH. Her har ein ikkje standardperioder, men det er gjort arbeid med å finne tal og det er den beste oversikten me har.

Frå 2020 nyttar me netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement.

Standardline etter tabellen. Her på bokmål.

Til og med 2015 gjelder opplagstallene papirutgaven. Fra 2020 brukes netto opplagstall for digitalt abonnement og papirabonnement. Kilden er opplagstallene avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

Fyrste utgåve, namneskifter, opphald.

  • Fyrste nr: dato
  • Endra namn til dato
  • Slått saman med XX dato
  • Siste utgåve: dato

Les meir i Store norske leksikon

  • Norsk presses historie
  • andre aviser som er relevante

Eksterne lenkjer

Lenkje til avisa på nett i punktliste

  • Bømlo Nytt

Litteratur

  • Norsk presses historie
  • Monografiar om avisa

Bilete

Bileta gjer det mogleg å vise profil. Det gjer det og mogleg å hente fram særskilde kapittel frå historia som ellers ikkje naturleg har plass i teksten.

  • Fyrste bilete er dagens logo/avishovud
  • Avisbygg om det er lett tilgjengeleg
  • Ei historisk framside
  • Viktige redaktørar