Allkunne i Store norske leksikon

Allkunne blir del av Store norske leksikon

Allkunne.no er eit allment oppslagsverk på nynorsk, som er gjeve ut av Nynorsk kultursentrum. Sumaren 2020 kjøpte Store norske leksikon Allkunne, og vil integrere delar av innhaldet i snl.no. Overføringa av innhaldet vil i hovudsak skje i 2021.

Denne sida inneheld informasjon om overføringa til forfattarane av artiklar i Allkunne.

Om Nynorsk kultursentrum og SNL

Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga driv språklege og litterære dokumentasjons- og opplevingssenter, festivalar, digitale tenester og forretningstiltak som med og oppfyller dette føremålet.

Store norske leksikon er ei ikkje-kommersiell og ideell foreining der universiteta og andre kunnskapsinstitusjonar er medlemer. Foreininga er mellom anna utgjevar av snl.no, og har som føremål å formidle kvalitetssikra kunnskap til ålmenta.

I 2020 avtalte Nynorsk kultursentrum og SNL eit langsiktig samarbeid for meir nynorsk i SNL, i tillegg til ei avtale der SNL kjøper Allkunne.

Kvifor blir Allkunne del av SNL?

Nynorsk kultursentrum og SNL har inngått ein samarbeidsavtale der målet er å auke nynorskdelen på snl.no, og at SNL skal få fleire artiklar om nynorsk litteratur, kultur og historie.

Allkunne har hatt svært låge lesartal, og det gode innhaldet i Allkunne har ikkje nådd ut til mange. Ved å flytte dei beste artiklane til SNL vil desse få langt høgare lesartal. SNL har tre millionar unike brukarar (lesarar) i gode månader, og artiklane i SNL vil bli lese meir enn 100 millionar gongar i 2020.

SNL har alt for få artiklar på nynorsk i dag, og har arbeidd målretta for å få fleire artiklar på nynorsk. Ved å samarbeide med Nynorsk kultursentrum vil vi nå målet om meir nynorsk raskare. I tillegg får vi hjelp til å dekkje nokre saksområde der vi er dårlege i dag.

Ved å ta over Allkunne får SNL eit stort ansvar for å ta vare på og vidareutvikle leksikon på nynorsk. Vi treng hjelp frå forfattarane i Allkunne til å vidareføre den nynorske leksikontradisjonen.

Overdraging av forlagsretten

SNL har kjøpt heile Allkunne (med nokre unntak, sjå nedanfor). Kjøpet skjer som ei overdraging av forlagsretten (forretningsoverdraging).

I forfatttaravtalen mellom Nynorsk kultursentrum og Allkunne-forfattarane står det «Overdraging av forlagsretten: Utgivaren kan ikkje overdra rettane sine etter denne avtalen utan samtykke frå Forfattaren, med mindre rettane er del av ei forretning eller ei forretningsavdeling og blir overdregen saman med denne. Overdragaren blir verande ansvarleg for at avtalen med Forfattaren blir oppfylt.»

Slike punkt er vanleg i alle forfattarkontraktar i Noreg, og byggjer på normalkontraktane som er utarbeidd av NFFO og Forleggjarforeininga. Dette punktet er henta frå «Forlagsavtale for utgivelse av leksikalske verk».

SNL har altså teke over kontraktane med Allkunne-forfattarane og har rett til å publisere artiklar frå Allkunne som del av SNL. Vi betaler ikkje honorar for artiklane som blir overført, men kan betale dersom forfattaren ynskjer å revidere artiklane sine etter overføringa.

SNL vil ikkje drive nettstaden allkunne.no vidare, men vil integrere innhald frå Allkunne i SNL ved at artiklar blir overført eller skrive saman med eksisterande artiklar på snl.no.

Velkomen til SNL!

Dei fleste Allkunne-forfattarane vil no få publisert innhaldet sitt i SNL. Innhaldet vil bli lett redigert for å fylgje SNL-standardane for artiklar. Forfattarane får automatisk varsel for kvar artikkel som blir publisert (du kan slå av slike varsel dersom du loggar inn på snl.no og trykkjer på innstillingar).

Alle forfattarane får tilbod om å inngå ny avtale med SNL (sjå nedanfor) og får samtidig tilbod om å revidere og oppdatere eigne artiklar. Du kan få betalt for dette arbeidet (etter avtale med redaksjonen).

Vi vil veldig gjerne ha med Allkunne-forfattarane vidare. Vi set stor pris på om du ser over artiklane du har skrive og som no blir del av SNL, og vurderer om dei bør oppdaterast. Du kan sende inn oppdateringar og revisjonar til oss ved å trykkje på «Føreslå endringar i artikkelen» i botn av alle artiklane våre.

Ny avtale mellom SNL og forfattarane

Forfattaravtalen i SNL er ganske lik forfattaravtalen i Allkunne. Båe byggjer på «Forlagsavtale for utgivelse av leksikalske verk» som er laga av NFFO og Forleggjarforeininga.

SNL ynskjer likevel å inngå ny avtale med Allkunne-forfattarane, fordi det er enklare om alle forfattarane i SNL har den same avtalen. Dersom ein forfattar ikkje ynskjer å inngå ny avtale er det den gamle avtalen mellom forfattaren og Allkunne som vil gjelde vidare.

Du kan inngå ny avtale med SNL ved å logge inn på nettsidene. Då får du opp avtala til gjennomlesing og signering. Fleirtalet av Allkunne-forfattarane har fått oppretta ein SNL-brukar; trykk på «Glemt passord» og fyll ut e-postadressa di for å logge inn. Du har fått informasjon om korleis du gjer dette på e-post.

Skilnad på vilkår og redaksjonell praksis i Allkunne og SNL

SNL og Allkunne er relativt ulike organisasjonar, med ulikt tempo og arbeidsmetodikk.

Allkunne har hatt to tilsette, eit redaksjonsråd, språkfolk og nokre få tilknytte konsulentar. SNL har tolv tilsette, 900 tilknytte fagansvarlege, 1000 friviljuge bidragsytarar m.m. Allkunne har oppdatert nokre hundre til nokre tusen artiklar i året dei siste åra, SNL mellom 40 000 og 70 000 artiklar i året. Forfattarar som blir med vidare i SNL vil nok merke skilnaden, men mykje er likt: Både Allkunne og SNL driv med formidling av fagleg kvalitetssikra leksikalsk innhald.

Den viktigaste skilnaden for forfattarane er at artiklane i SNL langt oftare blir oppdatert og revidert, framfor å bli nyskrive frå botn. Det vil seie at ein vanleg artikkel i SNL inneheld tekst som er skriven på ulike tidspunkt og av ulike forfattarar. Dette tyder at artiklar du har skrive for Allkunne no vil kunne bli oppdatert av andre fagfolk etter at artikkelen er flytt til SNL.

Innhald frå Allkunne som ikkje er omfatta av overtakinga

Noko av innhaldet som er på Allkunne.no i dag er av ulike grunnar ikkje omfatta av overtakinga. Nynorsk kultursentrum vil framleis ha rettane til dette innhaldet:

  • Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
  • Omsette artiklar frå Caplex
  • Fire artikkelseriar: Dagen i dag, Språkfakta, Den nynorske skjønnlitteraturen og Den nynorske litteraturen.

Spørsmål og svar

Vi oppdaterer denne sida med svar på spørsmål etter kvart som dei kjem inn.

Når skjer overføringa?

I hovudsak i 2021. Nokre artiklar blir flytt hausten 2020, desse forfattarane blir varsla.

Allkunne.no blir avvikla etter at innhaldet er overført. Nynorsk kultursentrum avgjer kva som skal skje med innhaldet som ikkje er omfatta av overtakinga.

Blir alt innhaldet overført til SNL?

Nei. Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, omsett innhald frå Caplex og fire artikkelseriar er ikkje med. Nynorsk kultursentrum avgjer kva som skal skje med dette innhaldet.

Kvar artikkel frå Allkunne blir vurdert før overføringa. Mange av artiklane blir overført uendra eller berre lett redigert; nokre blir skrivne saman med artiklar i SNL; og i nokre få tilfelle der SNL-artikkelen er mykje betre blir artikkelen sletta og rettane tilbakeført til forfattaren. Vi har ikkje teke stilling til kvar enkelt artikkel enno, dette vil skje hausten 2020 og utover i 2021. Det kjem til å ta lang tid å overføre alt.

Har alle Allkunne-forfattarane blitt varsla?

Vi har varsla alle forfattarar som Nynorsk kultursentrum har kontaktinformasjon til. Nokre få forfattarar er avlidne, og etterkommarane har ikkje blitt varsla. Nynorsk kultursentrum har i samsvar med forfattarkontraktane rett til å overdra heile Allkunne, så vi er ikkje forplikta til å varsle; men vi har likevel varsla det store fleirtalet av forfattarane.