Når du skriv ein ny artikkel i Store norske leksikon, står du (nesten, sjå nedanfor) fritt til å velje mellom bokmål og nynorsk. Dersom du kan både nynorsk og bokmål, vil vi helst at du skriv nynorsk.

Du må følgje gjeldande rettskriving. Dersom eit ord har fleire godkjende skrivemåtar, bør du velje dei vanlegaste formene. Unngå dei mest radikale, konservative og uvanlege formene. Uvanlege former kan gjere at lesaren blir meir oppteken av språket enn innhaldet.

Følg same språknorm (til dømes radikalt vs moderat bokmål, eller «vanleg» nynorsk vs konservativt nynorsk) gjennom heile artikkelen. Vi rår sterkt ifrå å blande konservative og radikale former, både på nynorsk og bokmål.

Same språk og språknorm i heile artikkelen

Ein artikkel skal vere på anten nynorsk eller bokmål. Du må bruke same målform og språknorm i heile artikkelen.

Når du oppdaterer ein eksisterande artikkel i Store norske leksikon, står du fritt til å skrive han om til den målforma du føretrekkjer. Vi blir glad dersom du omset til nynorsk.

Moderniser språket

Ein del av artiklane i leksikonet er skrive i eit gammaldags, utdatert og komplisert språk. Dersom du har slike artiklar i fagområdet ditt, skal du modernisere dei.

Byt ut ord som aften, pike og fruktsommelig med kveld, jente og gravid.

Artiklar som redaksjonen har bestemt at skal vere på éi av målformene

Artikler som skal vere på bokmål

  • Artikkelen om bokmål og variantar av bokmål (til dømes riksmål).
  • Artiklar om bokmåls-/riksmålsorganisasjonar
  • Artiklar om personar som var involvert i bokmåls-/riksmålsorganisasjonar, eller som sjølv hadde eit klart standpunkt for bokmål
  • Kommunar som har definert bokmål som hovudspråket sitt (det vil seie alle kommunane som har bede staten om å kommunisere med dei på bokmål). Dette gjeld altså ikkje språknøytrale kommunar som til dømes Oslo.

Artiklar som skal vere på nynorsk

  • Artikkelen om nynorsk og variantar av nynorsk.
  • Artikler om målrørsla, nynorskorganisasjonar og liknande. Dette omfattar også forretningsverksemdene deira, til dømes Heimen Husfliden.
  • Artiklar om målfolk, folk som var engasjerte i målrørsla, eller som sjølv hadde eit standpunkt for nynorsk.
  • Kommunar som har definert nynorsk som hovudspråk + språknøytrale kommunar der mange skriv nynorsk. (Redaksjonen har ei liste.)

Denne artikkelen er ein del av forfattarrettleiinga.