1. Store norske leksikon og dei andre verka som er publiserte av foreininga Store norske leksikon (SNL) på snl.no, er offentlege kunnskapsverk redigerte etter redaktørplakaten.

SNL eig fleire leksikalske verk, blant anna Store norske leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk biografisk leksikon. SNL publiserer også leksikalske verk på vegner av andre, til dømes Norsk kunstnerleksikon. Foreininga er ein ideell organisasjon.

2. Du må forstå og følgje desse reglane om du ønskjer å bidra på snl.no.

Du kan bidra i SNL sitt arbeid ved å sende inn bidrag i form av kommentarar, artiklar, endringsforslag, bilete m.m. For å kunne bidra på denne måten må du først registrere deg på snl.no. I samband med registreringa må du stadfeste at du har lese og forstått desse reglane for registrering og publisering på snl.no.

3. Du må bruke det fulle namnet ditt. Namnet ditt blir synleg på snl.no. SNL slettar anonyme brukarar og bidraga deira.

Du må registrere deg under det fulle, verkelege namnet ditt. Dette er nødvendig for å halde ved lag tilliten og truverdet til SNL sine publikasjonar. Alle bidraga dine (kommentarar, endringsforslag m.m.), profilsida di og artikkelversjonane dine blir og blir verande offentlege, og dei blir merkte med det fulle namnet ditt.

Når du gjer substansielle endringar i ein artikkel, blir du ført opp som forfattar.

SNL kan slette brukarar og bidraga deira. Dette er særleg aktuelt for anonyme brukarar / brukarar med pseudonym.

4. Du er ansvarleg for bidraga dine. Du må ha rett til å la SNL publisere og endre innhaldet, innhaldet må vere korrekt, og du kan ikkje bruke snl.no til å bryte lova eller spreie reklame, villeiande informasjon eller hatefulle ytringar.

Ved å sende inn bidrag stadfestar du at du har rettane til å sende inn bidraga dine til SNL, og at SNL kan bruke bidraga dine slik det er skildra i desse reglane. Bidraga må ikkje vere i strid med lov eller med rettane til ein tredjepart.

SNL er eit faktaverk. Når du bidreg, må du difor etter beste evne sjekke at innhaldet du bidreg med, er korrekt. Du kan ikkje publisere innhald som krenkjer andre sitt personvern eller åndsverk, er ærekrenkjande, trugande eller hatefullt overfor ein person eller ei gruppe, eller på annan måte er ulovleg. Du kan ikkje bruke snl.no som plattform for å spreie propaganda eller reklame, eller for andre kommersielle føremål.

Du kan ikkje skrive artiklar om deg sjølv, familien din, nære vener eller arbeidsplassen din. Artiklar som ikkje følgjer relevanskriteria til leksikonet, blir avviste. Forfattarrettleiinga til leksikonet inneheld stil-, innhalds- og formkrav, i tillegg til gode tips og råd om leksikonskriving.

5. Leksikonskriving er samarbeid. På snl.no skriv du vidare på andre sine tekstar, og andre skriv vidare på dine tekstar.

Bidraga dine kan bli oppdaterte, redigerte og korrigerte av andre brukarar. Du må vere klar over dette og akseptere dette. Versjonshistorikken til ein artikkel viser nøyaktig kva du har skrive og bidrege med.

Du må også vere klar over og akseptere at namnet ditt blir ført opp saman med namna til andre bidragsytarar. Om du skriv ein ny artikkel, blir du ført opp som forfattar. Om andre enn forfattaren reviderer ein eksisterande artikkel, blir desse oppførte som medforfattarar dersom revisjonen utgjer ei substansiell endring i tekstinnhaldet. Du har rett til å bli fjerna frå forfattarlista til artikkelen dersom artikkelen har blitt substansielt endra av nokon andre.

Du gir SNL alle nødvendige rettar til å endre, redigere, omsetje og publisere bidraga dine på alle plattformer og i alle format. For at vi skal kunne drive snl.no og dei andre publikasjonane til SNL, og for at samarbeidet mellom forfattarar skal vere mogleg, må du gi SNL nødvendige immaterielle rettar til alle bidraga dine. Ved å sende inn bidrag til snl.no gir du SNL ein royalty-fri, ugjenkalleleg, evigvarande, ikkje-eksklusiv rett til å publisere, redigere, omsetje og distribuere bidraga dine.

Retten til å redigere gjeld både innhaldsmessige og strukturelle endringar. Innsende tekstar kan bli delte opp, samskrivne med andre tekstar, kutta og bygde vidare på av andre forfattarar. Tidlegare versjonar av ein tekst blir verande synlege i artikkelhistorikken, merkte med namnet på bidragsytarane, slik at ein kan sjå kven som har skrive ulike delar av ein artikkel.

Materialet kan bli vist åleine eller som del av andre arbeid, i alle utgivingar frå SNL.

SNL skal sjå til at forfattaren sine ideelle rettar blir tekne i vare uansett utgivingsform og -medium. Dette inneber m.a. at du blir namngitt i samband med SNL sin bruk av bidraga dine.

6. Du kan velje om du vil publisere bidraga dine under ein fri lisens eller ein avgrensa lisens.

Bidrag dine blir synlege for alle, og du kan velje om andre kan gjenbruke bidraga dine. Dette blir styrt ved at du kan velje å publisere bidraga dine under ein fri lisens eller ein avgrensa lisens.

Fri lisens (den til kvar tid gjeldande lisensen som er publisert på https://meta.snl.no/fri_gjenbruk) betyr kort fortalt at andre fritt kan bruke bidraga dine, så lenge dei krediterer deg, men du bør for ordens skuld lese den fullstendige lisensteksten.

Begrenset lisens (avgrensa lisens) betyr at berre SNL får rettane til å publisere og vidarelisensiere bidraga i samsvar med desse reglane. Andre enn SNL kan ikkje bruke bidraga dine utan godkjenning frå deg, med mindre ein slik bruksrett er erverva ved overtaking av heile SNL eller ei sjølvstendig forretningsavdeling innanfor SNL. SNL kan likevel bruke innhaldet som del av marknadsføringa til SNL.

Om du byter frå fri lisens til avgrensa lisens, kan teksten din ha blitt kopiert og brukt av andre medan teksten hadde fri lisens. Å byte til avgrensa lisens har ikkje tilbakeverkande kraft på slik bruk.

Om ein artikkel består av fleire bidrag, og minst eitt av bidraga er gitt under ein avgrensa lisens, gjeld den avgrensa lisensen for heile artikkelen.

7. SNL har inga plikt til å publisere bidrag.

SNL har inga plikt til å publisere innsende bidrag. Endringsforslag som bryt med redaksjonelle retningslinjer og relevanskriterium, blir normalt avviste. Fram til endringsforslag er evaluerte, blir dei synlege for innlogga brukarar. Forkasta endringsforslag blir synlege i historikken til artiklane og merkte med namnet til innsendaren.

8. Dersom du skal få betalt for bidrag, må det vere avtalt på førehand, og du må levere slik det er avtalt med SNL.

SNL honorerer berre bidrag når dette er avtalt med redaksjonen på førehand. For brukarar som er fagansvarlege, går reglane for betaling for bidrag fram av kontrakten om fagansvar. For enkeltartiklar blir det inngått ein eigen avtale per e-post. Sjå https://meta.snl.no/Betaling_til_forfattere.

Når du inngår ein avtale med SNL om å levere bidrag, må du levere som avtalt med redaksjonen i SNL, og til avtalt tid. Du får betalt for den endelege, redigerte teksten. Du får ikkje betalt for refusert eller sletta materiale. Bidrag skal følgje SNL sine retningslinjer. Sjå forfattarrettleiinga.

Om du ikkje leverer som avtalt, kan SNL gi deg ein rimeleg tilleggsfrist til å oppfylle avtalen. Dersom du ikkje leverer som avtalt innan utløpet av tilleggsfristen, kan SNL heve avtalen, og då får du ikkje betalt for arbeidet ditt. Når du har oppfylt din del av avtalen og bidraget ditt er godkjent av SNL, får du betalt for bidraget ditt i samsvar med avtalen og i samsvar med SNL sine rutinar for utbetalingar, som er publiserte på snl.no.

SNL er ikkje forplikta til å publisere bidraget ditt, sjølv om det er levert etter avtale og du har fått honorar for det.

9. Din eigen gjenbruk og vidarelisensiering av bidrag leverte etter avtale med SNL må avtalast.

Om du har fått betalt for ein artikkel, gjeld det eigne reglar for korleis du eventuelt kan gjenbruke eller lisensiere vidare teksten i andre samanhengar. For slike bidrag beheld du opphavsretten, men din egen gjenbruk og vidarelisensiering av bidraget må følgje lisensen du har valt.

Alle publiserte bidrag blir lagde ut ope og er i prinsippet tilgjengelege for alle på internett. Det er difor mogleg at nokon kan bruke bidraga dine i strid med lisensen du har valt. SNL kan ikkje forhindre dette. Du kan difor ikkje fremje krav mot SNL om du meiner at nokon andre krenkjer rettane til bidraga dine; slike krav må bli retta mot dei som har krenkt rettane dine.

Dessutan er SNL sitt einaste potensielle økonomiske ansvar overfor deg avgrensa til å betale det avtalte honoraret for leverte og godkjende bidrag. Du kan med andre ord ikkje krevje honorar for ikkje-bestilte eller ikkje-godkjende bidrag, og heller ikkje erstatning for noko tap.

10. Usemjer skal partane prøve å løyse gjennom ei minneleg ordning før saka går til ei tvisteløysingsnemnd og deretter til Oslo tingrett.

Om det oppstår ein tvist mellom deg og SNL, skal partane først prøve å løyse tvisten gjennom forhandlingar. Dersom partane ikkje blir samde, skal tvisten bli løyst i ei tvisteløysingsnemnd som er nedsett av Den norske Forleggerforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Verneting ved eventuelt søksmål er Oslo tingrett.